LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
DAVY WATHNE
DAVY WATHNE
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Årets tema: DRAMA

Litteratursymposiet vert kvart år planlagd rundt eit tema. Eit godt tema er kjenneteikna ved at det er samfunnsaktuelt, meiningsfullt i seg sjølv og at det byr på fleire tolkingar av begrepet. 

Om ein slår opp ordet ‘drama’ i ordboka, finn ein følgande definisjon: dikting som framstiller ein som oftast innvikla og konfliktfyld historie gjennom personar sine handlingar og replikkar. I over 2500 år har menneske samla seg kring scener for å sjå skodespelarar spele ut livets komedier og tragedier, slik dei er skrivne av samtidas store dramatikarar.  På sitt beste kan eit godt drama setje livsvilkåra våre i relieff, heiter det gjerne. 

`Drama’ har og ei overført tyding, som eit oppsiktsvekkande, rystande opptrinn eller hending som endar med ulukke eller katastrofe. Når ein i framtida skal nedteikne historia om 2020-talet, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at ordet ‘dramatisk’ vil bli brukt. 

Ikkje lag så mykje drama, seier vi gjerne når nokon kring oss lagar oppstyr om eit eller anna. Våre mellommenneskelege relasjonar er fulle av drama; kjærleiksbrot, utroskap, familiekranglar, venskap som går ad dundas. Nokre gonger råkar dramatikken heilt ut av det blå, snur opp ned på liva våre, i form av sjukdom, ulukke og død. I slike situasjonar er det gjerne litteraturen vi grip fatt i: ord som gjer sorga lettare å bere, ein fellesskap av menneske som har  opplevd noko av det same. Kva kan litteraturen lære oss om å akseptere forandring, tole at livet i sitt vesen er eit usikkert og høgst dramatisk prosjekt?

Rundt desse spora programmerer vi no årets Litteratursymposium.  Følg med her på nettsida og på sosiale medie for meir info om kven som kjem og kva som skal skje. 
Program vert lansert før sommaren 2024. 

Design logo  Augon Johnsen 

< Tilbake