Anne Gunn Halvorsen (fødd 1984 i Vikedal) er ein norsk forfattar og journalist. I 2017 slapp ho boka Livet og korleis leve det, følgt opp av Stress og korleis leve med det i 2019.
I 2020 debuterte ho skjønnlitterært med Arvingen, første ungdomsroman i serien Halve kongeriket som ho skreiv saman med forfattar og journalist Randi Fuglehaug. Arvingen vann Uprisen i 2021. Serien fekk i alt åtte bøker og dei to første har blitt til Netflix-filmar med stor internasjonal suksess.
I 2021 gav Halvorsen ut boka Ikke vær redd - en overlevelsesguide for unge, ei sakprosabok om frykt for ungdom mellom 12-18 år.
Halvorsen arbeidde tidlegare i Dagens Næringsliv som prosjektleiar for DN Talent. Ho har også vore redaktør for magasinet Dagbladet FREDAG og for gratismagasinet Spirit.
I 2024 kom første bok i Halvorsen og Fuglehaug sin nye serie, Barnehagen for magiske enhjørninger, og oppfølgjaren kom i år.