Han debuterte i 1997 med novellesamlinga Det er her du har venna dine, og vart nominert til Brageprisen for si andre bok, romanen Barringer (1999). I 2006 kom romanen Svendsens Catering, som fekk Språklig samlings litteraturpris, og i 2007 fekk Andreassen Sultprisen for sitt forfattarskap. Han har òg skrive to teaterstykke.
Romanen For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges frå 2016 handlar om å vite betre, men aldri få rett. Om å skjønne systemet, men aldri få overtaket. Om kjærleik, aggresjonsmeistring og svart arbeid – og ein yrkesstolt elektrikar med ryggprolaps. Romanen fekk strålande meldingar og vart kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen, Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen.
I 2016 kom romanen For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges (2016) som fekk strålande mottaking hos kritikarane og vart nominert til Brageprisen.
I 2024 kom Andreassen sin så langt nyaste roman; Ikke mennesker jeg kan regne med.