Som representantar for sjangrane doom og apocalypse leverer bergensbandet Solstorm musikk som er som skreddarsydd for årets tema, EKSPLOSJON. Solstorm treff lyttaren som ein straum av flytande karbid frå eit smelteverk. Kontrastane er store mellom mørkret og lyset, det vakre og det stygge, det vare og det tunge. Bandet kombinerer tunge riff, harde trommer og støyveggar med såre melodiar og store, svevande instrumentalparti.
"Det fem mann sterke bandets visjoner om endetiden kommer i form av en knusende blanding av doom, stoner, post-metal og støy, med en massiv produksjon hvor gitarlyden alene er nok til å legge verdener i grus." -Trønderavisa
Solstorm består av Jaran Hereid, Mads Lilletvedt, Helge Taksdal, Camilo Beltran og Bjørn Ognøy.