Leif Einar Lothe (fødd 1969, frå Rogdo i Sørfjorden), kjend som Lothepus, er ein norsk entreprenør, spelemann, campingsplass-konge og TV-personlegheit frå Ullensvang.
Lothe har sidan TV-debuten med Fjorden Cowboys i 2014 delteke i ei rekkje TV-program, som Farmen kjendis (som han vann i 2017), 4-stjerners middag, Camp Kulinaris, Sofa, og sidan 2022; sin eigen dokuserie, Lothepus Camping.
Lothepus slapp si første plate, «Sallaren», i 2009, med rallarviser og sjølvslaga musikk, og i 2014 gav han ut plata «Cowboyhjarta». Etter dette har det følgt fleire singlar.
Dokuserien Fjorden Cowboys fekk i alt 7 sesongar, i tillegg til spinoff-miniserien Eksepdisjon Lothepus. Lothepus Camping har så langt fått 3 sesongar og meir er på veg.
I 2017 kom biografien Går det til helvete, så går det til helvete ført i pennen av Finn Tokvam.
Det same året kåra nettmagasinet Kampanje Lothe til årets medienamn og årets kjendis, og han var den personen som hadde blitt søkt opp flest gangar på Google dette året.
I desse dagar er Lothe i innspurten med bygginga av ein splitter ny campingsplass i Odda der han mellom anna har fått reist både stavkyrkje og langhus. Frå før driv han saman med sambuar Randi campingplass på kaia i Odda.