Sumaya Jirde Ali (fødd 1997) er ein norsk-somalisk poet, forfattar og skribent. Ho vaks opp i Bodø, og utmerka seg allereie som tenåring som samfunnsdebattant, med avistekstar som krinsa om mangfald og likestilling.
I 2017 kom debutboka, ei diktsamling kalt “Kvinner som hater menn”, og snart fulgte fleire diktsamlingar: “Ikkje ver redd sånne som meg” (2018), “Melanin hvitere enn blekemiddel” (2108) og “Når jeg ser havet, slokner lyset” (2021).
I 2022 debuterte Jirde Ali som dramatikar med stykket “Havet tar det det ikke gir”, som vart sett opp på Den Nationale Scene i Bergen. Stykket handlar om kvinna Samira som har flykta over Middelhavet.
Ho har óg vore spaltist i Klassekampen og Morgenbladet, og redaktør for tidsskriftet Fett mellom 2021 og 2023. I 2023 kom memoarboka “Et liv i redningsvest. Dagboksopptegnelser om norsk rasisme”, som krinsar om eit liv som somalisk minoritetsperson i norsk samfunn og offentlegheit.
Jirde Ali har vunne ein rekke prisar, mellom andre Zola-prisen og Den norske Forfatterforenings ytringsfrihetspris.