Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) er ein norsk forfattar frå Lesja. I lag med systera Sigrid debuterte ho med romanen Ramstein pensionat i 2009. Søstrene har vore humorskribentar saman og er kjente for særeigne framføringar. I 2011 gav Guri og Sigrid ut boka Søsken i lag med søskenparet Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Ei rekkje bidragsytarar undersøkjer søskenskapet med varme og humor – og frå ulike perspektiv.
I 2016 gav Guri ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime, om ansvar og om erindring som tinar fram.
I 2023 kom romanen Høgfjellsmeldinga som vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva?
Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.