Ragnhild Gudbrandsen (f. 1969) er ein svært erfaren skodespelar og songar. Ragnhild er kjend frå teater, radio, TV og film, og har vore fast skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen sidan 2008.
Ho debuterte 1993 i Peer Gynt/Henrik Ibsen i samtlige kvinneroller på Det vestnorske teater/Festspillene i Bergen.
Ho har spela i fleire filmar, blant anna Varg Veum – Falne Engler (2008), S.O.S Svartkjær (2008), og i 2017 spela ho dommar i TV-serien Aber Bergen. Dei siste åra har Gudbrandsen vore aktuell i ei rekke framsyningar på DNS.
I 2013 mottok ho Pernillestatuetten for strålande sceneprestasjon.
Gudbrandsen blir ofte brukt både som opplesar, songar, konferansier og som regissør. I 2021 hadde ho regi på RIT, ein hyllest til Olav H. Hauge; ein samproduksjon med Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei. Gudbrandsen, Riber og Horvei kjem med eit felles prosjekt til årets litteratursymposium.