Maren Uthaug (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon.
I 2013 debuterte ho som romanforfattar med Sådan blev det (Sånn ble det, 2014, Og sånn blei det, 2022) og i åra etter har det kome fleire kritikar- og publikumssuksessar frå Uthaug; Der det finst fuglar (2020), Ein lykkeleg slutt (2021), 11% (2022), og no seinast i 2024, 88%.
Dei to siste romanane hennar er lagt til ei framtid der det er matriarkatet som rår. Denne nye tida er heilt utan menn - med unntak av nokre få hannar som blir forvara i eit avlssenter på Lolland. Nærmare bestemt 11%, som er talet på menn som trengst for å oppretthalde og vidareføre menneskeheita uten at det blir innavl. Serien problematiserer korleis sammfunnet sine ytre rammer fører både til påtvunge utanforskap og påtvunge innanforskap, og korleis nokon er villige til å gjere kva det måtte vere for å passe inn og for å vere ein del av fellesskapet.
Uthaug har motteke flere danske litteraturprisar. Ho fekk i 2018 Danmarks Radio sin romanpris for romanen Hvor der er fugle. Ho fekk Danmarks Biblioteksforenings Læsernes bogpris i 2020 for romanen En lykkelig slutning, og vart nominert til den prestisjefylte EUs Litteraturpris for 2021. For romanen 11 % mottok Uthaug Danmarks prestisjefylte bokhandlerpris De Gyldne Laubær for 2022.
Sagt om 11% og 88%:
«Feministisk skrekkroman [...] «11 %» er en fabulerende, underholdende grøsser til forsvar for mangfold og balanse.» - Anne Cathrine Straume, NRK
«Grotesk god! [...] hjerteskjærende godt om tabuer, arv og skam - og om makt, kjønnsroller og seksualitet. [...] Men først og fremst er «11 %» et veldig godt skrevet puslespill. Og jo mer brikkene i historien faller på plass, jo mer fengslende blir det hele.» - Oda Faremo Lindholm, VG
«Det bygges opp til sjokkfinale i Maren Uthaugs spinnville kvinnedystopi. ... Uthaug er en grenseløs, kreativ forfatter» - Oda Faremo Lindholm, VG