Asbjørn Slettemark er ein norsk journalist frå Kvinnherad.
Han arbeider for tida som TV-anmeldar for Aftenposten, skriv om krim og spenning på OP-5.no, og er med i podcasten Dritte Halbzeit om tysk fotball.
Han har tidlegare vore programleiar for Lydverket på NRK og Pyro på P3, vore dommar på Idol, og har skrive for VG, Dagbladet, DN og ei rekke andre norske aviser. Slettemark debuterte som symposiegjest i fjor, mellom anna med den svært populære programserien 10 spørsmål.