Kvinnefotballen og debatten rundt han er brennheit, kontroversiell og viktig, og han tvinger seg fram både i Norge og i resten av verda. I 2023 viste tal frå spelforeininga Niso at kvinner i norsk toppfotball berre tente 25 prosent av snittløna til sine mannlege kollegaer. Gullduellen mellom Brann og Vålerenga på kvinnesida 3. juli i år hadde nokre hundre publikumarar på stadion. Tilsvarande oppgjer mellom herrelaga hadde nok fylt stadion. To gonger.
Charlotte Myrbråten er Brann-supportar, fotballtrenar i Nymark, opptatt av breiddeidrett generelt og kvinnefotball spesielt, og er fast bidragsytar i fanzinen En fot i virkeligheten. Davy Wathne jobba med Sandviken-damene dei to siste åra før dei vart til Brann og har mange tankar om utviklinga, fellestrekk, forskjellar, oppslutning og pengar. Asbjørn Slettemark er lidenskapleg opptatt av tysk fotball, som han meiner er den heilt klart mest interessante ligaen i Europa for tida, spesielt frå eit tilskodarperspektiv. Der er det storslagne og effektive protestar mot pengemakta. Håkon Opdal, pensjonert keeper og styremedlem i Brann, meiner fotball og økonomi er eit utømmeleg tema. Har den globale fotballen blitt sjølve personifiseringa av den uhemma kapitalismen sine verste utskeiingar?
Vi må innom VAR, medlemsdemokrati, fellestrekk/forskjellar, karrieremønster, kvinner/menn, utbreiing, popularitet, pengar, politikk og DRAMA!
I år blir det storslått FOTBALLDEBATT i Lindehuset!