Asta Eikemo (fødd 2004) er ein ung naturvernforkjempar og student frå Bergen. Ho gjekk ut frå vidaregåande i 2023 etter å ha gått tre år på villmarkslinja ved Voss vidaregåande skule, og det siste året har ho studert journalistikk ved Høgskulen i Volda. Eikemo er engasjert i natur-, miljø- og klimakamp, og frå 2017 har ho vore medlem i Natur og Ungdom og hatt ulike verv i organisasjonen. Ho har mellom anna leia lokallaget på Voss og vore medlem av landsstyret.
Våren 2022 var Eikemo ein av aktivistane som demonstrerte i Vevring mot dumping av gruveslam i Førdefjorden.
Frå hausten 2024 er Eikemo student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen.
Asta Eikemo er dotter av forfattar Marit Eikemo.