Fredrik Høyer er ein norsk poet, forfattar og scenekunstnar frå Drammen, busett på Tøyen i Oslo.
Han er mest kjend for sine framføringar med ein særeigen form for performativ poesi, kor han opptrer i litterære, musikalske og kulturelle samanhengar, på ulike scener og arrangement. I denne forma kombinerer han tekstlege og sceniske element i små performance-dikt, som kan skildrast som ei blanding av tradisjonell diktarkunst, rap, stand-up og teatermonolog.
Fredrik Høyers skjønnlitterære debut, romanen Månehund & fatter’n, blei gitt ut på
Aschehoug forlag i 2014. August / september 2016 kom diktsamlinga Grønlandsūtraen på
Fanfare, i både bokform og som musikkalbum, i ein diktsyklus av 10 spoken word-dikt (gitt ut under sjangerskildringa “dikt ment for høytlesning”), innspelt av Fredrik Høyer og lydlagt av hiphop- og jazzmusikarane Fredfades & Eikrem. Denne albumdelen av prosjektet blei
lansert som ein grønfarga LP-vinyl og slept på Spotify, Tidal og iTunes, og andre digitale
kanalar.
Same haust debuterte Fredrik Høyer som skodespelar og scenekunstnar med si eiga
framsyning på Nationaltheateret, monologoen Grønlandsūtraen, basert på diktsamlinga med
same namn. Grønlandsūtraen blei blant anna satt opp under Ibsenfestivalen 2016, og spelt
for fulle salar samtlege kveldar. Framsyninga var både skriven og framført av Fredrik Høyer,
men bearbeida og regissert av skodespelaren Mattis Herman Nyquist.
Fredrik Høyer jobbar innanfor både det litterære og det musikalske kulturfeltet, men også
innan kunst og teater. Han gjer også oppdrag og prosjekter kor tekst og poesi vert sett opp
som kunst i det offentlege rom. I tillegg til dette, held han også på med workshops og
skrivekurs, og held foredrag om skriving som uttrykksform både for born og vaksne.
Fredrik Høyer er ein halvdel av musikkprosjektet og artistduoen Bendik Baksaas + Fredrik
Høyer, der lyd og litteratur møtast i ei musikalsk blanding av elektronika, techno, ambient og
spoken word.