Trilogien om Kristian Hertervig er forfattar og multikunstnar Fredrik Høyer sitt nyaste verk. Verket er ein tredelt monolog om den post-traumatiserte vikarlæraren Kristian Hertervig som får jobb på ein barneskule. Verket består av tre framsyningar som på sikt skal bli til ein roman. I trilogien kombinerer Høyer idear frå sitt kunstnarlege virke som romanforfattar, scenekunstnar, musikar og slam-poet. Framsyningane kan opplevast sjølvstendig, men vi anbefaler å sjå alle tre!
DET LÆRTE er namnet på andre del der Høyer speler live musikk akkompagnert av førehandsinnspelt tekst. Her møter vi Kristian nokre veker etter at han nesten fekk sparken. Han kjempar ein indre kamp medan han underviser i gym, KRLE og nesten alle andre fag. Rundt han vert kollegaene sjukemelde éin etter ein.
«Det er på en måte litteratur, musikk og teater som jeg har gått med i hjertet mitt i alle år. Og egentlig bare venta på å gjøre. Nå skjer det.» - Fredrik Høyer