Asta Olivia Nordenhof (f. 1988) er ein dansk forfattar og poet.
Ho debuterte med romanen Eit ansigt til Emily, som ho fekk Munch-Christensens debutantpris for. Diktsamlinga Det enkle og det einsame (2013, til norsk på Samlaget i 2017) vart ein stor suksess i Danmark, der den fekk den prestisjetunge Montanas litteraturpris og selde i over ti tusen eksemplar.
Nordenhof er ei markant stemme i det danske litteraturmiljø, og har ved fleire høve involvert seg i offentleg debatt. Ho fekk mellom anna mykje merksemd for eit foredrag der ho las opp sin eigen sjukehusjournal.
Ho har i fleire år skrive bloggen "Jegheddermitnavnmedversaler". Bloggen er ei slags dagbok, der sjølvbiografi vert blanda med litteraturtips, dikt og debatttekstar om feminisme og psykiatri. Her har ho óg skrive om arbeidet sitt som prostituert.
I 2020 gav Nordenhof ut romanen Penger på lomma, den første boka i ein planlagd septologi som laust krinsar om mordbrannen på båten Scandinavian Star. For Penger på lomma fekk Nordenhof både Per Olov Enquists pris og EUs litteraturpris 2020, og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2021.
Djevelboka (2023) er den andre boka i sjubindsverket. Boka har fått strålande omtale både i Danmark og Noreg.