Maria Tryti Vennerød (fødd 1978) er ein norsk, prisvinnande dramatikar og forfattar. Ho debuterte med stykket “Meir” i 2002, og har sidan utmerkt seg som ein av Norges skarpaste og mest særeigne dramatikarar, med stykke som har blitt satt opp på ei lang rekke scener i inn- og utland. Ho er også innkjøpt av svenske Dramaten. Tryti Vennerød skriv på nynorsk, og er omsett til ei rekke språk.
Stykket “Ikkje direkte råka” (2012) krinsa om rettssaka mot Anders Behring Breivik, og vart nominert til Heddaprisen. Andre stykker er “Rein natur“ (2016). Tryti Vennerød har også skrive fleire diktsamlingar. I 2023 utkom romanen “Nære relasjonar”, om eit parforhold der kvinna slår, og som utforskar vald, kjønn og maktrelasjonar.