Forfattar og kunstnar Leander Djønne møter dramatikar og forfattar Maria Tryti Vennerød til samtale. I romanen og dramaet Nære relasjonar tek Vennerød opp eit tema som ofte vert sett på som skambelagt: kvinner som slår. Vennerød utforskar korleis noko slikt kan gå føre seg over tid, også i relasjonar der mannen er den som blir utsett for vald, trass i at han oftast ikkje er fysisk underlegen. Kven som er sterk, kven som er svak, kven som har makt og kven som kjenner avmakt kan stundom flyte inn i kvarandre. I samtale med Fredrik Hagen.