Anderz Eide (fødd Anders Eide i 1975 i Hålandsdal) er ein norsk skodespelar.
Eide er utdanna ved Bergen Teaterskole og Romerike Folkehøgskole. Han har arbeidd ved m.a. Det norske teatret, Riksteatret, Trøndelag Teater, Den Nationale Scene og Oslo Nye Teater. Han har medverka i mange TV-produksjonar i Noreg og Sverige, og har gitt norsk stemme til ei mengd animasjonsfilmar og seriar. Han er òg flittig brukt som stemme på dokumentarfilmar og reklamefilmar.
Eide er ein av landets mest brukte lydbokinnlesarar, og har lese inn bøker av m.a. Frode Grytten, Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse. Han har òg lese inn klassikarar som Dostojevskij, Hemingway, Orwell, Turgenjev, Boccaccio, Dante, Goethe, Joseph Conrad og F. Scott Fitzgerald. Anderz Eide medverka i Det Norske Teateret si oppsetting av Bikubesong, og deltok på symposiet under Attrå i 2021. Nyleg vann han Storytel Awards for innlesinga si av Septologien av Jon Fosse.