Wencke Fugelli Mühleisen (fødd 1953) er ein norsk forfattar og kjønns- og medieforskar. Ho har arbeidd med forståing av kjønn og seksualitet i kultur og media, som performancekunstnar, skribent og forskar, og dei siste åra: som kritikarrost forfattar.
Mühleisen debuterte skjønnlitterært i 2011 med “Jeg skulle ha løftet deg varsomt over”, historia om si eiga mor sin død. I 2015 kom romanen “Kanskje det ennå finnes en åpen plass i verden”, ein sjølvransakande roman om lengta etter radikale livsval – og kor gale det kan gå. Her konfronterer Mühleisen faren si fortid i Wehrmacht og sine egne erfaringar frå eit radikalt kunstnarkollektiv i Østerrike, og søker samanhengen mellom dei to. I 2017 kom brevromanen “All gjeldende fornuft”, og i “Redd deg selv, lille hjerte” skriv ho innsiktsfullt om aldring og lengt etter å vere nær, om kjærleik, tillit og utroskap i eit forhold mellom to godt vaksne.
I årets bok, "Alt jeg frykter har allerede skjedd", skriv ho om å bli singel og begi seg ut på datingmarknaden i godt vaksen alder. '
Mühleisen er dr. art. i medie og kommunikasjon og var frå 2003 - 2008 forskar (post doc.) ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo. Ho har vore tilsett ved Universitetet i Stavanger 2008-2014, som professor frå 2011, og er no gjesteforskar ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo. Hennar interesseområde er feministisk teori, queer teori, feministisk medieteori og analyse, og forståing av kjønn og seksualitet i film, fjernsyn, populærkultur og samtidskunst. Ho har skrive mange artiklar og bidrege i ei lang rekkje forskingspublikasjonar.
I perioden 1978 - 1989 var ho aktiv som performance-kunstnar. Ho behandla tema som kjønn, kropp, seksualitet, feminisme og politikk, og vart m.a. kjend som ein «råtøff performanceartist som sjokkerte ved å kle seg naken på scena, male musa si raud og illudera samleie».
Mellom 1976 og 1985 budde ho i Friedrichshof-kollektivet, eit radikalt kunstnarkollektiv i Østerrike som eksisterte frå 1970 til 1991 og m.a. praktiserte felles eigedom, opne parforhold og felles ansvar for barneoppdraging, og som fikk kritikk for å være autoritært.