Kva skjer når kroppen blir kapital, og kapitalismen verkar inn på seksualiteten?
Sex er ei salsvare, og utbyttinga av kroppen gjev både makt og avmakt. Både kropp og psykisk helse er i samfunnet vårt noko som kan setjast ein prislapp på. Kva gjer det med oss, med samfunnet og med kjærleiken?
Wencke Mühleisen skriv om den aldrande kroppen som mister sin verdi som seksuelt objekt. Korleis manøvrere ein aldrande kropp med ein lengsel etter kjærleik i eit samfunn som verdset det unge? Kampen for tilværelsen er både personleg og politisk.
Tora Sanden Døskeland møter Mühleisen til samtale om kvinnekropp, kapital og kjærleik.