Morten Cranner (fødd 1962) er ein norsk teaterinstruktør, dramaturg, musikar og skodespelar utdanna ved Statens Teaterhøgskole (Kunsthøgskolen i Oslo) og Norges Musikkhøgskole. Han har arbeidd som teaterinstruktør og dramaturg sidan 1994, og har sidan 2017 vore tilsett ved Dramatikkens hus, som har det nasjonale ansvaret for utvikling av ny norsk og samisk dramatikk.
Cranner har tidlegare vore tilsett som dramaturg ved Nationaltheatret i Oslo (2000-2002), vore tilknytt Kunsthøgskolen i Oslo med stipendiatprosjektet The Acoustic Act - a New Music Theatre (2009-2013), i tillegg til å ha arbeidd som skodespelar som del av kunstgruppa Verdensteatret (1994-1999) og i dansekompaniet zero visibility corp. (2008 til 2010). I dei tidlege åra av karrieren arbeidde Cranner som frilans teaterinstruktør, og han har sidan 1982 arbeidd som musikar med samtidsmusikk og elektronisk musikk som hovudfokus.