Anders Baasmo (fødd Anders Baasmo Christiansen i 1976) er ein norsk skodespelar frå Furnes. Han er utdanna ved Statens Teaterhøgskole (1997-2000) og starta skodespelarkarriera si på Trøndelag Teater våren 2000. Han fekk gjennombrotet sitt med filmen Buddy (2003) som han også vann ein Amanda-pris for.
I 2006 spelte Baasmo hovudrolla som Henrik Ibsen i NRK si storsatsing En udødelig mann. For rolla fekk han Gullruten-pris i klassen beste mannlege skodespelar. I 2009 var han å sjå i rolla som Jomar i filmen Nord. Dette var den første hovudrolla hans på film, og han hausta glitrande kritkkar for innsatsen, også i utlandet. I 2010 spelte han rollefiguren Benedict i den TV 2-sendte serien Dag, ei rolle som han fekk Gullrute-pris for i klassen beste mannlege skodespelar under Gullruten 2011 og Gullruten 2012. Vidare spelte han rollefiguren James i Riksteatret si oppsetjing Lang dags ferd mot natt, som han også vart nominert til Heddaprisen for.
I 2012 hadde spelefilmen om Kon-Tiki-ekspedisjonen premiere, og i 2014 kom filmen Børning som også fekk to oppfølgjarar.
I seinare år har Baasmo gjort seg bemerka i film-produksjonar som Olsenbanden - Siste skrik! (2022) og Konvoi (2023), i tillegg til dei populære TV-produksjonane Exit (2019-2023) og Makta (2023).
Baasmo er den første som har vunne alle dei tre store skodespelarprisane i Noreg; Heddaprisen, Amandaprisen og Gullruten.