Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som jobbar for å skape unike utandørs kulturopplevingar for born og unge. Dei produserer og turnerer eigne framsyningar, og dreg gjerne ut på eventyr på skuler, i barnehagar, festivalar, i skog, gatesmau m.m.
Eventyr i Parken vart grunnlagt i desember 2018 av Cosmina Alexandra Giurgiucanu, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna og Thomas B. Brandt. Kompaniet vert i dag leia av Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen og Thomas B. Brandt, som alle har bakgrunn frå kulturbransjen. Med seg på laget har dei fleire lokale kulturaktørar, som saman brenn for å skape kultur- og naturopplevingar for barn og unge av høg kvalitet.