Roger Sevrin Bruland (fødd 1977) er ein norsk journalist frå Utvik i Stryn. Bruland starta som praktikant ved Nynorsk mediesenter i Førde i 2008 og nyleg gjekk han av som Europa-korrespondent for NRK og avslutta med det ei mangeårig journalistkarriere. Dei siste åra hadde han base i Berlin der han mellom anna dekka koronapandemien og krigen i Ukraina.
Tidlegare i år vart Bruland tilsett som kommunikasjonsleiar for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) i Førde. I 2022 fekk han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.