Eivind Dahle Sjåstad (fødd i Bergen i 1985) er utdanna statsvitar med bachelorgrad i samanliknande politikk. Sidan 2017 har han vore ansvarleg redaktør i avisa Hardanger Folkeblad, og før dette var han nyheitsleiar og journalist i avisa. Han er i tillegg styremedlem i Kvinnheringen og Karmøynytt.
Sjåstad har jobba for fleire aviser, tidsskrift og magasin, men også som konsulent i både privat og offentleg sektor.