Ellisiv Martha Lindkvist (fødd 1973) er ein norsk diktar og dramatikar. I 2022 vart ho leiar for Dramatikerforbundet.
Lindkvist debuterte som forfattar med den kritikarroste kortprosasamlinga Alt jeg skriver er sant i 2007, og seinare har ho gjeve ut fleire romanar, mellom anna Ditt røde hår, Unn som ho fekk Havmannprisen for i 2013. Ho fekk også Nordnorsk Forfatterlags fondsstipend i 2003. Ho står også bak ei lang rekke teaterstykke og manus, som mellom anna Du tror det er slik, men egentlig er det slik (2007), Bitch Song Club (2008) og Heltinnesinne (2011), Familien Løvstad-Jensen (2018), Oh, Kulturmannen (2020), og Jo Blank - en monolog (2022).
Lindkvist er utdanna ved Universitetet i Tromsø der ho har gått to år på forfattarstudiet. Ho har også gått på forfattarstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark.
Lindkvist har vore baksideskribent i Klassekampen, kulturjournalist i Ny Tid og morgonkåsør i NRK P2. Frå 2006 til 2008 var ho kulturredaktør i det feministiske tidsskriftet Fett.