Inger-Kristine Riber er ein klassisk pianist frå Voss, kjend for innsiktsfulle og energiske framføringar. Med eit omfattande repertoar og solid erfaring har ho utmerka seg gjennom konsertar i Skandinavia, Europa og USA.
Med meir enn ti år i musikkbransjen har Inger-Kristine utvikla ei unik evne til å engasjere og inspirere publikummet sitt, anten ho framfører åleine, som kammermusikar eller som akkompagnatør. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges musikkhøgskole, Hochschule für Musik, Theater und Medien Hannover og Berklee i USA. Dedikasjonen og talentet hennar vart belønna med stipend frå Norges Forskningsråd og RWE-DEAD, noko som opna dører for vidare internasjonale oppdrag i fleire land.
Inger-Kristine er òg ei drivande kraft i kulturlivet som gründer. Ho er dedikert til innovasjon og har ei djup forståing for kreativitetens verdi i samfunnet. Gjennom sitt arbeid har ho skapt inspirerande arenaer og arrangert utallige konserter, festivalar og pedagogiske initiativ og er idag styreleiar for det tverrfagalege forumet for profesjonelle kunstnarar i Hardanger, Harding Puls.
Som komponist nærmar Inger-Kristine seg musikken med ei kreativ og innovativ haldning. Ho utforskar stadig nye måtar å blande musikkstilar på og har høsta anerkjenning for dette. Debutalbumet hennar RIT viser evna hennar til å kombinere klassisk musikk med moderne elektronisk lyddesign. Albumet representerer ei nyskapande tilnærming til den tradisjonelle liedsyklusen, inspirert av dikta til Olav H. Hauge.