"Jeg tror at litteraturhistorisk sett har vennefellesskap opp gjennom årene vært med på å styrke både bøker, forfatterskap og litteraturen som helhet", sa Mattis Øybø i Klassekampen for tolv år sidan, og rører ved noko som lett kan bli misoppfatta: vennskap forfattarar i mellom. Ein ser for seg nettverk og vennetenester og så vidare. Ei eller anna form for kulturell korrumpering. Som har lite eller ingenting med forfattaren sin virkelighet å gjere.
Det er ein oversett eigenskap ved skjønnlitterære bøker at dei har vore innom forfattarens venner.
Ruth, Jens og Nils-Øivind har vore venner lenge. Dei har lest kvarandre og følgt kvarandres forfattarskap. Dei har gjort kvarandre mindre einsame i eitt av dei, trass alt, mest einsame yrka som finst. Dei hadde nok skrive utan kvarandre også, men skriv dei betre med kvarandre? Tanken er ja. Vi får høra og se.