Mange deltakarar på årets symposium er alt på plass. Blant dei som deltar for første gong nemner vi Linn Ullmann, Niels Fredrik Dahl, Tom Egeland, Cathrine Grøndahl, Ketil Bjørnstad, Johan Jönson og Maja Ratkje.
Kjente og kjære symposievener som Kjartan Fløgstad, Dag Solstad og Vigdis Hjorth, Pedro Carmona-Alvarez, Trond Espen Seim og Linda Eide kjem tilbake til årets symposium, i tillegg til oddaforfattarar som Frode Grytten og Lars Ove Seljestad.
Les meir om desse og andre som kjem her på nettsidene og på symposiegruppa på Facebook.
Meir informasjon og drypp frå programmet kjem i løpet av sommaren.