Trommeslagar Kim Christer Hylland hadde premiere på soloprosjektet sitt OVN III under symposiet i fjor. Vi undervurderte interessa: Over 100 publikummarar blei ståande igjen utanfor konsertlokalet. Det var naturleg å be Kim Christer om å lage årets bestillingsverk. Han inntek Lindehuset med ei større besetning, og skal halde ei Dommedagsmesse.
Om bestillingsverket seier han:
“Døden er eit vanskeleg tema og kan tolkast på mange måtar. For meg er døden mørk, skummel, dyster og ingenting. Samstundes trur eg det er nettopp dette som gir meining til sjølve livet. Det er noko vakkert ved tanken på at noko tek slutt, og gir plass til eit nytt liv, eller ein ny start. At eit dødt smelteverk kan gi plass og liv til ein litteraturfestival som bygger opp under mitt eige musikkprosjekt. Vi går alle inn i livet med ein ting som er sikkert, og eg trur at eg, som dei fleste andre, er redd for det ukjente som følger av det. Eg har latt meg inspirera av kjensla kring årets tema, kobla det saman med mitt industrielle soloprosjekt, OVN III, og valt å kalla verket for Dommedagsmesse. Eg har fått handplukka kunstnarar som eg gler meg til å framføre resultatet saman med. Kva høyrest døden ut som?”
Kim Christer Hylland - trommer, elektronikk, vokal, smelteverk
Vegard Bjerkan - synth, orgel
Kristoffer Lo - tuba, flugabone, gitar
Odd Erlend Mikkelsen - gitar
Ruben Aksnes - bass
Raymond Hellem - lysdesign