Erik Fosnes Hansen har avlyst pga sjukdom. Vi beklager dette, men tilbyr likevel eit program under same vignetten til same tid: Kulinariske Odda, torsdag kl 21.30 på Hardanger Hotel. Her vil Frode Grytten lese novella Nekrolog over ein matskribent, samt snakke om sitt forhold til det kulinariske Odda. I tillegg vil Rune Belsvik lese nokre av sine mat-relevante forteljingar.
Om nokon ønsker å få billetten sin refundert, ta kontakt med festivalkontoret.