HJELP! Til vanleg brukar Flu dagane på å teikne. Men no har han starta podkast på lunsjrommet, og akustikken gjer ikkje jobben enkel. Heldigvis har Flu akustikkplater han kan henge opp. Uheldigvis har han berre to hender. Flaks at tema for Litteratursymposiet i Odda er hjelp, og at han derfor kan få så mykje hjelp han berre drøymer om av podkastmakar Tine Eide. Vil du høyre og sjå Flu Hartberg i aksjon, finn du han på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.
Sidan årets symposietema er HJELP!, har littsymp spurt nokre av deltakarane på årets festival om dei treng hjelp til noko. Vi sendte Tine avgarde for å hjelpe dei. Høyr podkastene for å finne ut korleis det gjekk.
Vil du møte
Flu Hartberg? Då finn du han på Litteratursymposiet i Odda 12.-16. oktober.
Høyr Littsympodkast nr 2 - Flu Hartberg og akustikkplatene
Littsympodkastene er laga av Tine Eide. Tine er journalist og radio-makar. Ho vann nett prisen som årets radiotalent i Prix Radio, radioverdas største bransjepris.
Ho lager til dagleg podkasten TILkolon, radio-innslag til Salongen og andre program.