KORLEIS GJER VI DET
- Det viktige er å unngå køer og opphopning av folk.
- Dei aller fleste arrangementa i Odda skjer i Kinosalen og i Lindehuset. Vi fordeler publikum i ulike soner på arenaene, med eigne inn- og utganger. Sjekk din billett.
- Nokre dagar før arrangementstart sender vi ut epost til alle med billett med info om korleis dei skal oppføre seg på festival.
- Salene blir reingjorde mellom kvart arrangement.
- Alle som er på jobb og på scena skal vere friske.
- På veg inn blir alle spraya med Antibac. Det står stasjoner rundt om på arenaene med handsprit. Bruk det hyppig.
KVA MÅ DU SOM PUBLIKUM GJERE
- Er du sjuk - hold deg heime!
- Hald 1 meters avstand til andre: i døra, i gatene og på kafé.
- Vask henda ofte eller bruk handsprit.
- Publikum må kjøpe billettar på forhånd. Vi oppmodar om å kjøpe billett på nett: littsymp.Ticketco.event.
Du kan óg kjøpe billettar på Odda bibliotek.
- Du må opplyse namn og nummer på dei som skal bruke billettane.
OM BILLETTAR
I kinosalen er det plassbillettar. Vi bruker kvar 3. sete. Sjølv om ein bur saman, skal ein halde seg til anvist plass. Det skal vere minst 1 meter mellom publikum i alle retningar.
I Lindehuset er det ikkje plassbilletter, men det mogleg å kjøpe dobbelbillett, dvs. to seter tett i tett. Merk deg at det kun er dei som bur saman på
fast basis som kan kjøpe dobbelbillett, ikkje "Koronavenner".