Kyrkja i Ullensvang tok kort tid etter fjorårets festival kontakt, og ynskja eit samarbeid på symposiet. Etter fine samtalar med både soknerådsmedlemer, kykjeverge og prest, fall følgjande programserie på plass:
Teaterframsyninga Gudspartikkelen, samtalen Bøkenes bok - om bibelen og temagudsteneste søndag.
LAURDAG 7. OKTOBER KL. 18.00 / ODDA KINO
GUDSPARTIKKELEN - teater
Svein Tindberg kjem til Litteratursymposiet med ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større.
Tru og vitskap blir ofte sett opp som motsetnader. Vitskapen byggjer på fornuft, teoriar og eksperiment, mens trua byggjer på mytar, tradisjon, gamle heilage skrifter og dogme. Men det er ikkje sikkert motsetnaden går slik når det kjem til stykket. For når vi nærmar oss det ukjende, slik vi gjer det i partikkelfysikken til dømes eller i astrofysikken, så er det som om vitskap og tru nærmar seg kvarandre igjen. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Er det ikkje berre ulike måtar å utrykkje seg på, ein matematisk-fysisk teori og ei forteljing?
Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.
BILLETTAR
LAURDAG KL. 14.00 / ODDA KYRKJE
BØKENES BOK
Svein Tindberg og Inger Bråtveit møter Sivert N. Nesbø til samtale om det bibelske språk og univers, og kva desse tekstane og historiane har tilført kunst, litteratur og daglegspråk.
SØNDAG KL. 11.00 / ODDA KYRKJE
MEIR HIMMEL PÅ JORD
Ullensvang kyrkje inviterer til temagudsteneste, om orda og Ordet. Prest Leni Mæland samtalepreiker med forfattar Inger Bråtveit, og det blir vakker musikk.