Filmen " Øyde til Øyde " kretsar rundt tanker om tid, forgjengelighet, avstand og desintegrasjon.
Leander Djønne er biletkunstnar, poet og filmskapar.
Han bur og arbeider i Hardanger og Oslo. Han har utdanning frå Rouge filmskole (Werner Herzog), Kunstakademiet Malmø (MA), Kunstakademia i Oslo og Bergen og StaatlicheHochschule für Bildende Künste – Frankfurt am Main. Han har hatt fleire soloutstillingar og har delteke ved ei rekkje gruppeutstillingar nasjonalt og internasjonalt.
Djønne sin praksis beveger seg hovudsakleg mellom film, tekst, installasjonar og ulike sosiale undervisningsprosjekt. Han er grunnleggaren av den uavhengige undervisningsplattforma Parallellaksjonen og dreiv tidlegare den kunstnardrivne visingsstaden Dortmund Bodega. Dei siste ti åra har han jobba som lærer ved ulike kunstskular. Han har nettopp avslutta si stilling som studieleiar for MA programmet ved kunstakademiet i Oslo.