I forestillingsrekka "Kapitalen for ein mann i det 21. århundre" vil skodespelar Hadle L. Reisæter undersøke korleis han som scenekunstnar stiller seg til same tekstlege og tematiske utgangspunkt gjennom livets ulike fasar. Er etikk og moral eit spørsmål om modning? Og korleis vil dette endre seg i løpet av livet?Forestillinga tar utgangspunkt i Stig Sæterbakken sin roman "Kapital" (2003), om den eldre kjøpmannen Konrad Ofting som i rettsalen slåss mot den urettferda han opplever rundt seg.
Han er tiltala for økonomisk misleghald og ildspåsetting av eige konkursbu. Sjølv tiltalar han nasjonen. Det er ein verdikamp, der vesle (og gamle) David kjempar mot Goliat. Noreg er skurken, ei pengemakt som slukar menneskeverda. Nestekjærleiken pakkar inn sin eigen tilfredsheit i fordomsfulle og snevre definisjonar.