"Klemme ein gong for ja to gonger for nei" er Lise-Marte Vikse Kallåk si tredje diktsamling. I boka møter me ei mor og dottera hennar gjennom barndom og lausriving. Ei mor som blir kreftsjuk og døyr. Sorga og saknet som veks fram hos dottera. Det er ei samling om omsorg og minne, om kva som skjer når ein mistar ein forelder i vaksen alder.