Spørsmålet om kva som er ein god heim, handlar og om kva som er eit godt samfunn. Mange arbeidarkvinner i Odda i mellomkrigstida bar på draumar om ei betre organisering av samfunnet, med nye vilkår både i og utanfor heimen.
I år kom andre og siste bind av historieverket om forholdet mellom Noreg og Russland gjennom 200 år. Ei av historiene som vert løfta fram i bindet "Naboer i frykt og forventning. Norge og Russland 1917–2014", er historia om Cecilie Slåttelid, fødd 1872, død 1944.
Hilde Danielsen skriv om denne ruvande kvinna i det politiske miljøet i Odda, aktiv kommunist, diktar og føregangskvinne på mange område. Vil du høyre meir om Cecilie og hennar visjonar og engasjement, kom til arbeidarboligane på laurdag før Bakgårdsfesten!