They hate you if you're clever and despise a fool
John Lennon
I Sverige har klassehat blitt satt på dagsorden av ein ny generasjon arbeidardiktarar, som Kristian Lundberg, Jenny Wrangborg og Johan Jönson (bildet), som skildrar eigne erfaringar på ein arbeidsmarknad prega av svekka fagforeningar og stor arbeidsløyse.
I vår blei det arrangert «overklassesafari» til Saltsjöbad, forstaden utenfor Stockholm, og Johan Jönson har skapt furore med eit dikt der diktar-eget tørkar sin «herpesbubblande kuk» på overklassefamiliens handklede. I debatten har arbeiderdiktarane blitt skulda for å dyrke klassehatet, og Jönson for å oppfordre til hat mot middelklassebarn.
Etter at debatten har rast i Sverige, har den også nådd dei norske avisspaltene. I Norge er Høgres Torbjørn Røe Isaksen den som har gått lengst, då han i Morgenbladet sidestilte klassehat med sigøynerhat, og advarte mot å «leke med ilden».
I Odda har klassehatet lange tradisjonar, rikt skildra i til dømes Lars Ove Seljestad sine bøker. I den store debatten om vern eller bevaring av Smelteverket, er det framleis legitimt å argumentere med at det finst ein «avgrunn mellom arbeidsfolk og kulturelite» i Odda.
Kjartan Fløgstad har med essayet «Marxist hunter» sett ord på ei arbeidarrørsle under sterkt press. I det offentlige ordskiftet etter 22 juli har antiislamismen blitt grundig diskutert. Islamofobane er blitt røykt ut og konfronterte i skrift og tale. Men kva med marxofobane? Spør Fløgstad. I eit Europa ridd av økonomisk krise, er det akutt at ein bannlyser begrep som «marxisme» og «marxist»: Då klarer ikkje kapitalismen å ta opp i seg reel opposisjon.
Vi prøver å samle trådane: Kven hatar kven? Kven er folk, og kven er elite i dagens Odda, Norge, Norden og Europa?
Det blir opplesing og debatt med Karin Haugen som programvert og ordstyrar.
Fellesbillett med Working class hero (kl. 18.00) tilgjengeleg.