EIN KVELD MED TORE RENBERG 2020:
Tore Renberg er ein av landets mest leste og bejubla forfattarar, og mannen bak moderne klassikarar som Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim.
I haust har han ny roman, Tollak til Ingeborg, si andre bok på nynorsk. Den har fått strålande kritikk.
Tore har i fem år reist rundt med showet “En kveld med Tore Renberg” saman med musikarvener. Bli med på ei samling rundt leirbålet i haustmørket, i ein deilig mix av ca. 45% litteratur, 45% musikk og 10% av Tore sin variant av Stand-up.
Tore Renberg - vokal og litteratur
Alexander Flotve - gitarar