Om flørting og alt det fører med seg av gleder - og sorger.
Kva er eigentlig flørt og kva skjer når vi flørtar? Eg ser deg - og eg likar det eg ser! Det er bodskapen i flørten. Vi flørtar heile livet. Babyar og smårollingar flørtar aktivt for å bli stadfesta og oppnå kontakt. Dei brukar blikk, smil og gurglelydar for at vi skal sjå dei, og aller helst óg røre ved dei. Flørting på eit eldresenter går føre seg på anna vis. Replikkane og smila kan sitte laust når folk passerer kvarandre med rullator. Uansett korleis det går vidare: flørten i seg sjølv er ein liten smak av glede.
Kva kjenneteiknar ein god flørt? Kva er attraktivitet? Og når blir flørten skadeleg? Filosof Øyvind Kvalnes og psykolog Fanny Duckert har slått seg saman for å finne ut av dette og gje ut bok. Dei har henta inn historier frå folk, fortel om og reflekterer over emnet. Herdis Moldøen er inne som kjelde med ei flørtehistorie, og intervjuer her Kvalnes og Duckert om boka FLØRT! Om blikk, berøring og øyeblikkets kjemi.
Psykolog Fanny Duckert er professor i psykologi med bakgrunn frå Universitetet i Oslo, og klinisk spesialist med eigen praksis. Filosof Øyvind Kvalnes er professor i organisasjonsadferd ved Handelshøyskolen BI, og forfattar.