Vigdis Hjorth, Lotta Elstad og Kaja Schjerven Mollerin i samtale om politisk engasjement i livet og litteraturen.
Forholdet mellom kunst, etikk og politikk er ei nærast «evig» problemstilling. Har vi ei forventning om at forfattarar skal vere politisk engasjerte? Følger engasjementet med forfattarrolla? Har dei ein spesiell innsikt? Eller eit spesielt ansvar? Korleis kan politisk engasjement fylle livet med meining? Vigdis Hjorth og Lotta Elstad er, mellom mye anna, opptatt av slike spørsmål i sine satiriske, humørfylte og alvorstunge bøker, og samtaler med Kaja Schjerven Mollerin, som har engasjert seg i liknande problemstillingar som litteraturkritikar.