Han tek utgangspunkt i kjende fotografar og fotoskribentar, men fortel vel så mykje om dei siste åras omveltingar, i USA, under pandemien og i dagens politiske situasjon. Korleis kan vi ta tilbake forholdet vårt til kameraet og til bilete? Kan det framleis vere eit verktøy for tenking og hjelpe oss til å sjå på ein annan måte? Er flaumen av bilete så stor at dei mister verdi? Eller treng vi kanskje bileta meir enn nokon gang?