John Lennon er guten frå Liverpool som ville bli større enn Elvis – og som klarte det!
Men: berømmelsen hadde sin pris, og Lennon betalte dyrt for den i fleire omgangar. Til slutt med sitt eige liv. 75-årsdagen til mannen som starta The Beatles skal feiras med nokre av John Lennons mest kjende songar framført av lokale artistar, supplert med historier frå hans til tider stormfulle liv.
Bård Ose er kjend frå P.I.L.S. i NRK P1, og er saman med Finn Tokvam aktuell med ei bok basert på det populære radioprogrammet. På Litteratursymposiet deler han scene med lokale heltar på Iris scene fredags kveld.