Gjennomgripande, gåtefullt og storslått - bandet The Fjords er kanskje ikkje så ulik sin naturlege namnebror. Men om du dykkar litt djupare blir den skimrande overflata overraskande faretruande.
Med frontfigur Petter Vågan ved roret serverer The Fjords mørke fortrulegheiter på ei seng av glitrande synth og elektronika. Tekstane strekk seg frå kjærleik, liv, tap, tilknyting, forurensning og den industrielle tidsalder, dog ikkje alltid i den rekkefølgja. "Mange av tekstene handler om å være en liten brikke i et enormt, uforklarlig billedvev av hendelser og forestillinger," forklarer låtskriveren Vågan. "Det handler i det store og det hele om å forsone seg med at virkeligheten ikke er slik du trodde den var."
Bandets historie strekk seg litt over eit år tilbake, då Vågan sitt soloprosjekt firedobla seg til å inkludere Oscar Grönberg (synth, vokal), Bardur Reinert Poulsen (bass, synth, vokal) og oddingen Kim Christer Hylland (trommer, electronikk, vokal).
Sjølv om bandet enno er i sin spede barndom har The Fjords lokka til seg både fans og musikkbransjen, med showcase på By:Larm, Trondheim Calling, Pstereo og Sørveiv .
Legg til spelelisting på NRK P3 og ei rekkje tastemakar-tips (som Spotify´s "Spotlight 2015" og WiMP´s "Top 100 of 2014"), og du har ein av årets mest lovande debutantar.
The Fjords slepp sitt debutalbum ‘Silhouettes’ via Propeller Recordings i haust, og kjem til Odda og Litteratursymposiet på release-turneen.
Se meir på nettsida deira.