I Lysthuset les forfattarar eigne erotiske tekstar.
Maria Kjos Fonn kjem med ein rykande, dampande fersk tekst, som ho blei inspirert til å skrive etter at ho i haust fyrte opp ein debatt på facebooksida si om sex i litteraturen.
Historia om SterkeNils frå Lars Ove Seljestad si debutbok Blind er Hardangererotika på sitt beste. Det renn av alle damene på kyrkjebakken i Kinsarvik når SterkeNils viser musklar.
Anne Oterholm henter fram sin eigen klassikar Tilfeldigvis begjær, der erotisk tiltrekking oppstår ein varm sommardag.
Open mic etterpå. Har du eigne erotiske tekstar liggande - kom hit og luft dei!