Møt Brit Bildøen, i samtale med Silje Stavrum Norevik.
Brit Bildøen blir rekna som ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. For tidlegare utgjevingar har Bildøen mellom anna fått Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet.
22. juli er bakteppe i den siste romanen hennar Sju dagar i august. Handlinga er lagt fram i tid, åtte år etter at Sofie mista dottera si i Utøya-massakren. Vi følgjer Sofie og mannen Otto gjennom ei veke i august. Kjærleiken dei imellom har hjulpe dei gjennom sorgprosessen, men no er det på randen.
I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto Krohg-Iversen ei rekkje små ulykker som til saman avslører små og store sprekker både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Sofie jobbar på Munchmuseet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Mens regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.
Møt Brit Bildøen i samtale med litteraturvitar Silje Stavrum Norevik om si siste bok, og om livet og forfattarskapen forøvrig.
I samarbeid med Ullensvang bibliotek.