Morellswingers er det vesle storbandet i hjartet av Hardanger. I swingersmiljøet bytar ein ofte partnarar og desse musikarane har hatt mange prosjekt på si. Etter åtte år med musikalske sidesprang har dei ni medlemene endeleg funne tonen att. Morellswingers flørtar seg gjennom musikkhistoria og leverer solid og freidig dansemusikk frå soul til swing.
Vokalist Anette Torvund (bildet) er Hardanger si eiga souldiva. Dei andre i bandet er Harald Alvavoll (trompet), Endre Dagestad (trombone), Torbjørn Dagestad Sr. (trompet), Ragnhild Opedal (kapellmester og saksofon.), Kjetil M. Bjørnevoll (bass), Torstein Langesæter (tangentar), Lars Opedal (slagverk) og Lars Korff Lofthus (gitar).