Bli med på kurs i litteraturformidling med forfattar Sylvelin Vatle. Sylvelin Vatle (f. 1957) kjem frå Osterøy og bur i Stavanger. Vatle debuterte med Alle kjenner vel presten? i 1991, ein roman ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive ei rekkje bøker for vaksne, barn og unge. I tillegg er ho mykje brukt som svært inspirerande kurshaldar i litteraturformidling og forteljarkunst.
Kurset er retta mot pedagogisk personale i barnehage, gunnskole og vidaregåande skole, bibliotekarar og andre som ynskjer å bli dyktigare i formidling og forteljing.