Thure Erik Lund møter Preben Jordal til samtale.
Thure Erik Lund har lenge vore rekna som ein av dei beste og mest særeigne forfattarane i sin generasjon, og har etter kvart eit betydeleg forfattarskap bak seg. Tidleg neste år kjem han ut med boka Identitet der han mellom anna stiller spørsmålet: Kor stor forskjell er det eigentleg på småbrukarlivet og skriving? Lund møter kritikar og Vinduet-redaktør Preben Jordal til samtale om lesing, skriving og tilværet for øvrig.